Sveinung Rotevatn

Klima- og miljøminister

Rotevatn vart utnemnt til statsråd 24. januar 2020 etter å ha vore statssekretær for klima- og miljøminister Ola Elvestuen sidan 12. oktober 2018.

Han var valt inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane i perioden 2013 – 2017, og vart statssekretær i Justisdepartementet 17.  januar 2018. Før dette var han leiar i Unge Venstre (2010–2013).

Rotevatn har hatt ei rekkje verv i Venstre, mellom anna som representant i Eid kommunestyre, medlem av sentralstyret og 1. nestleiar.